page view image

Sigrid Moldestad med band // Åsane

Dette blir ein av ytterst få konsertar med fullt band i år!

Informasjon
event image

Sigrid Moldestad, ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk skal ENDELEG spele konsert på den "eigentlege" heimebanen hennar, ÅSANE i Bergen! Dette blir ein av ytterst få konsertar med fullt band i år, og dei unike musikarane Sigbjørn Apeland, Anders Bitustøyl, Jørgen Sandvik, Roald Kaldestad og Kåre Opheim.

Velkommen til konsert!
Vaksne: kr. 370
Student/ungdom/pensjonist: kr. 270

Konserten inngår i konseptet Kulturprat i Åsane kulturhus som skjer same kvelden kl. 18.00 i foajeen. Det blir ein times Kulturprat med musikkjournalist og forfattar Bård Ose og Sigrid om tradisjonsmusikk, låtskriving og det nye albumet. Arrangementet i fojaeen er gratis!

***************************


Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv. 

 

Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar. Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.  

 

Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten: “No er det på tide at denne artisten blir allemannseie”.  Bergens Tidende tok fram bandet: “..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet”. I bladet “Viser” skriv meldaren at han “sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin”.  Plata fekk terningkast 5 jamt over, både i  NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar Arbeiderblad med fleire.  Plata er produsert av Yngve Leidulf Sætre.  


HUGS: I forkant av konserten blir det ein times Kulturprat med musikkjournalist og forfattar Bård Ose og Sigrid om tradisjonsmusikk, låtskriving og det nye albumet.

Restriksjoner

De siste årene har lært oss at mye uventet kan skje i verden. Endringer kan derfor komme som følge av pandemier eller andre uforutsette hendelser.

Ansvarsfraskrivelse

Penger refunderes kun hvis konsert blir kansellert.